Ser at Rema 1000 reklamerer med billige middagar. Eg har ikkje rekna på kor mykje middagane mine kostar, men eg har laga ein 5-vekersplan. Det er ikkje alltid det går som planlagt, men har funne ut at det er veldig greit å vite på førehand kva eg skal ha til middag i lang tid framover. Det er dessutan ganske mange fordelar med å ha planen klar.

Kostnadane: Det har vorte billigare. Det er fleire grunnar til det;

  • Planlagde innkjøp fører til få impulskjøp
  • Mindre mat blir kasta, fordi matvarene blir brukt opp 🙂
  • FRYS: Det er greiare å kjøpe økonomivariantar/billigare varer når det som blir til overs kan frysast

Lettvint:

  • Kan lage store porsjonar og fryse ned, slik at det er berre å varme opp
  • Veit alltid kva som må handlast inn
  • Treng ikkje gå heile dagen og lure på kva som kan lagast til middag

Sunt:

  • Har greid å legge inn 2-3 fiskerettar i veka
  • Brukar mykje meir grønsaker
  • Meir variert kosthald

Med dette i bakhovudet har eg altså laga meg ein 5-vekersplan. Riktignok har eg to «faste» dagar i veka. Den eine dagen kjøper eg fersk fisk, og det blir den fisken som måtte befinne seg i disken. Det blir som regel lyr, hyse eller torsk som eg legg i mjøl med salt og pepar (kan ikkje fordra kokt fisk). Den andre dagen har eg pannekake. Det er plassert på fredag av to grunnar. For det første vaks eg opp med pannekake på fredagar, og for det andre er det den dagen eg oftast ikkje et heime, så det er greit med ein fast rett den dagen.

Så: Følg med på søndag. Da kjem planen for veke 1.