No har eg så godt som bestemt meg. Eg skal ha ny seng!

Ikkje fordi eg ikkje likar senga eg har, men der er unektelig nokre ulemper med ho.

For det første er det ei loftseng. Det er veldig praktisk å ha, ikkje minst fordi med ei 140×200 cm loftseng får du nesten 3 kvadratmeter ekstra areal. Men så var det ulempene da. Einaste staden det er plass til ho er i sovealkova (eller i stova, men kven vil vel har senga der?), og sovealkova har ikkje vindauge ut i friluft.

Tenk korleis det må vere…

midt på sommaren, når sola har steika heile dagen, tropevarme, og du ligg nesten to meter opp med mindre enn ein halvmeter mellom tak og nase. Eg foretok nokre målingar, og det var heile to varmegrader varmare oppi senga enn det var under ho. Og kva varmegradar vi snakkar om? Jau, det var 26 over og 24 under. På det verste målte eg heilte 28 varmegrader. Ikkje gode høve å sove i altså.

Resultatet var at eg enda opp på luftmadrass i vinterhagen.

Etter mykje fram og tilbake og ganske mange ulike plana for korleis eg skulle løyse varmeproblemet (ja, for det er ganske varmt om vinteren også. I løpet av heile vinteren har eg kun brukt sommardyne!!), så har eg no kome fram til at loftsenga må gå.

Inn vil eg ha ei god og mjuk seng (IKEA-madrassene er kanskje best i test, men dei er i grunnen for harde for meg). Denne skal vere på 120×200 cm. Altså ikkje same storleiken som loftsenga. Grunnen til det er at då har eg to alternativ til plassering: sovealkova og vinterhagen. Vinterhagen er nemleg 124 cm brei, med litt over 200 cm til døra. 😉 Vinterhagen er dessutan over 400 cm, så eg får likevel 2 meter der eg kan nyte sola når det er akkurat passe varmt.

Etter ein del søking på nett og diverse utsagn kom eg fram til at Svane måtte vere tingen, så eg trava avgarde til Møbelringen (ein gåtur på ca. tre kvarter) og satte igang prøvinga. Eg starta i Wonderland-avdelinga (det naturlege valget geografisk sett) og fann ut at den dyraste senga var best. No har ikkje eg råd til å bruke over 20-30 000,- på ei seng, så etter å ha prøvd alle Wonderland-madrassene kom eg fram til at den nestbeste var den billigaste, nemleg Scala:

Wonderland Scala

Men eg måtte såklart prøve Svane-madrassene også. Etter å ha prøvd alle sammen (det var ganske mange), inkludert dei eg ikkje har råd til, kom eg fram til at dei rett og slett var for harde for meg. Eg veit at mange likar Svane godt, men for meg er det altså ikkje heilt tingen. Synd i grunnen, for eg trur dei er hakket billigare, men eg vil ha ei seng der eg kan ligge på sida, og det syntes eg vart best med Scalaen.

Så i morgon blir det truleg ein tur til Møbelringen att 🙂

(og så er dei på billigsalg, kan ikkje klage på det ;))