Dette heilt geniale kjøkkenet tar berre litt over 3 kvadratmeter med plass! Tenk at dei har klart å presse inn komfyr/mikrobølgeovn, 2-4 kokeplater, vask, kjøleskap, oppvaskmaskin og oppbevaringsplass tilsvarande 12 skap (!) på den lille plassen. Einaste eg syns manglar er frys. Nokon som veit om det er mogleg å få?
Det er visst CC-Concepts LTD dei heiter, dei som står bak. Det er mykje meir informasjon om kjøkkenet på heimesida deira.
No har eg budd i min eigen bolig i snart halvanna år, og er ganske fornøgd med boligen, men trur at det er mykje som kunne vore gjort for å utnytte arealet enno betre. Viseno er genialt for å prøve seg fra utan kostnader.
Slik ser golvplanen ut i dag. Dvs. veggane og slikt er på rett plass. Kjøkken og bad er også på rett plass, og seng, sofa og TV-hylle er plassert ganske nærme slik som her. Spisebordet står framfor sovealkova, og sovealkova er full av rot, men det skal fiksast så snart eg får selt loftsenga (nokon som treng?).
Du kan sjå meir her:
Må likevel innrømme at det lille arealet set fantasien i gang, berre sjekk ut versjon 3 (velg v3 i etasje). Heldt på med versjon 4 no, men er ikkje heilt nøgd enno, så det får komme seinare
Endelig kan den offisielle nettellinga begynne. No sit eg og kosa meg med første “luke” i kalenderen.
Kalenderen vann eg på tombola for mange, mange, mange år sia, og det var først i fjor eg somla meg til å finne han fram att og henge noko i han. En Twist-pose gjer nytta. Ikkje så veldig fancy, men nam nam ;o)
Det har vore lysfest i Bergen i dag. Her er et av dei heldigare bileta som kom ut av dei ganske mange som blei tatt på mobilelefonen (ingen Nokia her i gården, nei…).